Kommunestyret i Bykle har i møte 26.03.2020 vedtatt Detaljplan 201903 for Hoslemo hyttegrend med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.

Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 05.05.2020. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, SARVSVEGEN 14, 4754 Bykle eller til postmottak@bykle.kommune.no. Oppgjev saksnummer 17/1330, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga.

For fleire opplysningar og relevante plandokument i saka, sjå Bykle kommune si heimeside eller ta kontakt med informasjonen.