Heile planområdet ligg på austsida av Rv9. Det omfattar arealet som inngår i reguleringsplanen for Hovden aust frå 2010, samt nytt byggeområde, som vart lagt inn i kommuneplanen 2019.
Formålet med planarbeidet er å
• Sikre korridorar til nytt/utvida vatn- og avløpssystem
• Sikre gode tilhøve for sti og løypenettet
• Avklare hovudvegnett + tilkomstveg til nytt byggeområde i søraust
• Hydrologisk utgreiing av overvatn/vassmetting av myrar
• Avklare forholdet til kulturminne og andre verneverdiar
• Drøfte utbyggingsmønstre og ev. fortetting
• Gje føringar for vidare detaljreguleringar


Det er utarbeidd forslag til planprogram som ligg vedlagt. Frist for innspel til planarbeidet og merknader til planprogrammet er sett til 1. september 2019.
Innspel/merknader sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller post@bykle.kommune.no


Det vert halde informasjonsmøte på Hovden grendehus torsdag 22 august kl. 19.00.