Vedtatt kommunedelplan for Hovden Aust
Offentleg ettersyn kommunedelplan for Hovden Aust 07.02.21
Innspel til offentleg ettersyn av kommunedelplan for Hovden Aust
Eit forslag til kommunedelplan for Hovden Aust blei fremma til politisk handsaming i planutvalet 08.06.2020 og kommunestyret 26.06.2020. Kommunestyret gjorde følgande vedtak:
BFR 1, 2, 3 og 4 tas ut. Saken sendes tilbake til planutvalget for ny plan
Det skal arrangerast ein temadag med følgjande tema:
- En endring i gjeldende rekkefølgekrav, med vurdering av mulighet for etablering av en fordeling hvor utbygger tar større del av regningen.
- Utbyggingenes konsekvenser for naturmangfold.
- Revidering av beredskapsplan, som tar for seg «hyttekommunens» mulige utfordringer knyttet til f.eks. mulige fremtidige pandemier.
I dokumentlista nedanfor vil du finne saksprotokoll og saksframlegg frå kommunestyrets handsaming. Det er og lagt ut eit brev med vedlegg frå ressursgruppa for velforeninger i Bykle som blei sendt til alle politiske parti før handsaminga.
Formålet med planarbeidet er å:
- Sikre korridorar til nytt/utvida vatn- og avløpssystem
- Sikre gode tilhøve for sti og løypenettet
- Avklare hovudvegnett + tilkomstveg til nytt byggeområde i søraust
- Hydrologisk utgreiing av overvatn/vassmetting av myrar
- Avklare forholdet til kulturminne og andre verneverdiar
- Drøfte utbyggingsmønstre og ev. fortetting
- Gje føringar for vidare detaljreguleringar
Planprogrammet for kommunedelplanen vart vedtatt av kommunestyret 25.09.2019.
Nedst finn du relevante dokument som følgjer saka. Det vert lagt ut nye dokument etterkvart
Faglege utgreiingar for Hovden Aust:
I følgje vedteke planprogram for Hovden Aust skal det gjerast konsekvensutgreiingar for naturmangfald og hydrologi/vasshushaldning. Det skal i tillegg lagast ein moglegheitsstudie som blant anna tek for seg utbyggingsstruktur. Utgreiingane gjev nyttige innspel og vere eit fagleg grunnlag når kommunen no skal utarbeide eit planforslag.
Følgande utgreiingar blei utført hausten 2019:
- Hydrologiske vurdering – Hovden Aust, Hydrologiske vurderingar for utviding av hyttefelt i naturområde v/ Cowi, datert 19.12.2019.
- Kartlegging av naturmiljø, kommunedelplan Hovden Aust – Faunrapport 028-2019 v/FAUN Naturforvaltning
- Mulighetsstudie for Hovden Aust – rapport v/Asplan Viak, datert 13.12.2019.
Kartlegginga av naturmiljø inneheld og vurderingar for villrein. Moglegheitsstudie inneheld og ein landskapsanalyse og vurderingar for transport, grønstruktur og friluftsliv samt berekraftig utbygging.
Asplan Viak har i tillegg levert ein løysing med kart på nett der ein blant anna kan sjå ein 3D-modell av dei ulike alternativa for utbyggingsstruktur. Den kan sjåast her: http://asplanviak.maps.arcgis.com/apps/MapSeries/index.html?appid=6f6e96a5dbf34d389c0707120064966f
Dokument:
Kommunestyrehandsaming av planprogram
Hovden Aust planprogram vedtatt av Kommunestyret 25.09.2019
Kommunedelplan for Hovden Aust - Status pr. april 2020
Tilleggsrapport om villrein og rype
Rapport 2018 - Taksering av rypebestander i Agder
Rapport 2019 - Taksering av rypebestander i Agder
Kommunedelplan for Hovden Aust, høyring og offentleg ettersyn - handsaming i kommunestyret 25.06.20
Kommunedelplan for Hovden Aust - tilleggsnotat, innkomne merknader
Innspel frå ressursgruppa for velforeningar
Vedlegg til innspel frå ressursgruppa for velforeninger
Særutskrift Kommunedelplan for Hovden Aust - Oppfølging av kommunestyrets vedtak