Trygg Trafikk har utarbeidd fleire brosjyrer om temaet. Også på sine eigne nettsider har organisasjonen lagt ut mykje nyttig informasjon. Ikkje minst er foreldreheftet "6-åring på skolevei" nyttig lesestoff. Dette er materiell også skular og lærarar kan nytte. Så er det også laga nokre enkle hugseregler elevane sjølv - med hjelp av oss alle, kan fylgje. For seksåringar på skuleveg er det viktig å bruke augene, øyrene, stoppe opp og sjå grundig før ein kryssar veg, og ikkje minst bruke refleksvest. Målet må vere at ein skal unngå ulykker - då må også bilistane ta sin del av ansvaret!