Barnehagen er nabo til barneskulen og friområde med lysløype. Dei tre avdelingane våre er: Revehiet, småbarnsavdeling med plass til 9 barn i alderen 0-3 år. Revehiet og Jasehola, båe har plass til 18 barn over 3 år.

Avdelingane har fleire innhaldsrike rom å utfalda i, og som innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik. Vi har også eit stort fellesrom, puterom og kjøkken med peis.

Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med mykje naturtomt, og tilgang til skulen sitt uteareal. Vi har også gapahuk med bålplass på tomta vår. Om vinteren har vi ein stor akebakke på leikeplassen og skiløype rett utanfor gjerdet.

Hovden grendehus (med bibliotek og gymsal), badeland og grusbane/skøytebane ligg i barnehagen sitt nærområde. Kulturskulen gir oss tilbod om leikarring på barneskulen, musikk i barnehagen og eventyrstund på biblioteket.  Kompisgruppa vår har månadlege turar/aktivitetar med kompisane i Bykle barnehage.

Foreldrebetaling for barnehageplassar

Sjå også lenka frå Utdanningsdirektoratet om foreldrebetaling og moderasjonsordningar:
"Frå 1. mai 2015 skal ingen husholdninger betale meir enn 6 prosent av inntekten sin for ein barnehageplass.
Foreldrebetalinga er også begrensa av maksimalprisen, som i 2017 er kr. 2.730.- per månad.  Dette kan du lese meir om her.

Elektronisk søknadsskjema finn du HER.

Lenker til Helsedirektoratet:   

Bra mat i barnehagen - råd, tips og oppskrifter

Mat og måltider i barnehagane  -