Ca. kl. 21:00 vart det konstatert brot på hovedvassleidninga på Hovden. Tilsette i Bykle kommune rykka ut med ein gong for å lokalisere brotet. Gravemaskiner og nødvendig utstyr vart rekvirert i lokaliseringsarbeidet og var på plass i løpet av ein time. Dei abonnentane som er råka vart hurtig varsla gjennom kommunens varslingssystem.

Kl. 23:20: Brotet på vassleidninga er nå lokalisert, naudsynte deler er på vei og utbetringar vil bil satt i verk så snart detter er mogleg. Det er viktig å understreke at situasjonen ikkje medfører fare for liv og helse.

Inntil vidare gjeld tidlegare melding om at det ikkje skal brukast vatn dersom dette ikkje er naudsynt for liv og helse. Dei abonnentane som er råka vil bli oppdatert i saka pr. sms-varsling.