Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Bykle helsesenter

Informasjon angåande besøk og arbeid på helseinstitusjonar (Heimen) etter utenlandsreise


Råd til besøkande til helseinstitusjonar (Heimen):

  • Pårørande som har vore i utlandet siste 10 dagar bør vente med å kome på besøk til 10 dagar etter heimkomst, eventuelt testast. Ein bør ikkje oppsøke pasientar før ein har fått negativt svar. Pårørande med symptomer skal ikkje kome på besøk.
Råd rundt pasientar/bebuarar:
  • Ved kontakt med pasientar, som har vore i utlandet siste 10 dagar, bør tilsette ha auka merksemd på symptom på covid-19. Dette gjeld òg land som ikkje er omfatta av karanteneplikt («grønne land»).
  • Tilsette, nytilsette og vikarar som skal ha pasientnært arbeid, bør informere arbeidsgjevar om dei har vore på reise i land som ikkje er omfatta av karanteneplikt («grønne land») i løpet av siste 10 dagar før dei skal tilbake på jobb. Dei tilsette dette gjeld bør vurderast testa for sars-CoV-2 før oppstart i jobb. Tilsette som vert testa bør ikkje ha pasientnært arbeid før testen er negativ.
 
 

 

 

Publisert | Oppdatert 18. juli 2020