Beløpet på kr 250 000

Verksemder som ikkje felle innanfor andre kompensasjonsordningar, og ikkje fell innafor næringskode 55, 56 og 93 kan tildelast inntil kr 250 000. Søknadsfrist er 15.5.

Om det ikkje er søkare som oppfyll kriteria vil desse midlane fordelast i høve med den siste ordninga.

 Søknaden må innehalde:

  • I kva slags grad verksemda har vært råka av lokale og nasjonale smittevernstiltak.
  • Kva slags økte kostnader og tapte inntekter dette har medført.
  • Komplett rekneskap for 2019 og 2020 (Foreløpig rekneskap om ikkje årsregnskap er avlagt) og evt. perioderegnskap for 2021.
  • Om verksemda har søkt på andre kompensasjonsordningar, og om disse er innvilga eller ikkje innvilga.
  • Om verksemda har mottatt bagatellmessig støtte for 2019, 2020 og 2021.

Søknad sendast inn på regionalforvaltning.no

 

Beløpet på kr 2 196 000

Ordninga med ein sum på kr 2 196 000 som blir behandla i formannskapet 11.5 har prioritering knytt til verksemder som driv med servering, overnatting og alpinsenter (næringskode 55, 56 og 93.

Meir informasjon om denne ordninga blir publisert etter saka er behandla.

Informasjonsmøte:

Alle næringsdrivande blir innkalt til Teams-møte 12.5.

For spørsmål om ordningen kan næringsrådgiver Trine Tharaldsen kontaktes på telefon: 980 52 190 eller via e-post: trine.tharaldsen@bykle.kommune.no