Vi har idag ikkje kjent ukontrollert smitte av Covid-19 i Bykle kommune.

Det er to påviste smitta i kommunen. Desse kjenner ein smittevegen til, og fara for vidare smitte frå desse er lite sannsynleg.

Men, vi testar dagleg, og det er sannsynleg at vi også i Bykle kommune vil kunne påvise fleire smitta i den næraste framtida.

Hvis alle er solidariske og nøye med å gjennomføre dei anbefalte smitteråda, vil vi kunne kontrollere smitteutbreiinga betre lokalt i kommunen.

 

Hugs:

-Hald god avstand til andre

-Vær nøye med god hand- og hostehygiene

-Hald deg heime frå jobb ved teikn på luftvegsinfeksjon