Skular og barnehage har teke ein del lokaler i bruk – enten på grunn av behov for meir plass, eller på tilnærma ordinært vis .

For aktivitet i regi av frivillige lag/organisasjonar, ser kommunen an situasjonen etter 15. juni. Det kan då bli moglegheit for aktivitet i veke 25 og 26. Husa held som vanleg 5 veker sommarstengt frå 29. juni til 31 juli.

Vi ber lag og foreiningar samordne eventuelle aktivitetar i lokala våre og sende førespurnad samla frå organisasjonen. Sjølv om ein ikkje vurderar aktivitet på husa i veke 25 og 26, blir det truleg stilt krav om å lage retningslinjer for smittevern ved oppstart av aktivitet frå hausten av også. Vi oppmodar difor til å utarbeide desse i god tid. Det er laga eigen rettleiar for idrett. Denne kan ein enkelt kan tilpasse eigen (idretts-)organisasjon.

 

Opningstider for bibliotek i veke 25 og 26
 

Biblioteket i Bykle måndag og torsdag kl. 13-17
Biblioteket på Hovden onsdag og fredag kl. 13-17

Retningslinjer:
• Maks 5 personar inne om gongen
• Maks 15 minutt
• Handvask/handsprit ved ankomst
• Ikkje kom viss du har luftvegssymptom, hoste eller feber
Det er berre biblioteka som vil vere opne, det er ikkje tillete å opphalde seg i foajé eller andre rom. Treningsrom er også stengt.

Tilbodet om bestilling av bøker gjeld framleis, ta kontakt på biblioteket@bykle.kommune.no, ring 379 38 690 (kvardagar 9-15) eller Messenger.


Kulturprogram til hausten


Som alle no erfarer, er det vanskeleg å planlegge kva som skal skje framover.

Vi jobbar imidlertid med nokre utandørs arrangement/turar og vil også sjå på kva vi kan få til av kulturkaféar med eit avgrensa antal publikum i kombinasjon med digital overføring. Og vi jobbar med å legge om kinodagar og frekvens, grunna stor nedgong/lite besøk i heile 2019. Vi kjem tilbake med meir detaljert info etter kvart – så sjåast vi nok om ikkje alt for lenge, «live» eller på nett!