Det har vore ein vinter med lite snø , løypemaskinane har fått hard medfart og det har ikkje vore mogleg å opne heile løypenettet.

I følgje planen for adaptiv løypekøyring skulle den 3 år lange prøveperioden starta i vinter, men det vert ikkje vurdert som formålstenleg å bruke eitt år av prøveperioden når forholda er så dårlege som i år. Prøveperioden vert difor utsett til å gjelde frå neste sesong,  Løypemannskapet vil i staden ha fullt fokus på å oppretthalde det faste løypenett ut sesongen