Det er mange reglar og oppmodingar i høve pandemien og det kan vere vanskeleg å halde seg oppdatert. Vi har derfor laga denne oversikta, som vi håper kan vere nyttig for innbyggjarane i Valle og Bykle. Det er sett inn ein del lenker, slik at ein sikrar at det alltid er oppdatert informasjon som gjeld. Dersom du har spørsmål som du ikkje finn svar på her, kan du gjerne kontakte kommuneoverlegen på e-post: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Reglar og oppmodingar i høve avstand og sosial kontakt:

Avstand, sosial og fysisk kontakt - FHI

Tilrådingar i høve bruk av munnbind:

flergangsmunnbind; ansiktsmaske; stoffmunnbind - FHI

Kva skal du gjere dersom du er sjuk eller mistenker at du er smitta av koronavirus?

•             Hald deg heime dersom du er sjuk eller har fått luftvegssymptom (feber, hoste, tungpusta, hovudverk, slappheit, nedsett lukt- eller smakssans, muskelverk, sår hals med meir)

•             Test deg for koronavirus dersom du har fått luftvegssymptom ved å kontakte Valle eller Bykle legekontor. Når du har symptom, er det primært ein PCR test (ikkje hurtigtest) som er den anbefalte testmetoden

•             Test deg for koronavirus, sjølv om du ikkje har symptom, dersom du er nærkontakt til ein som er bekrefta smitta. I desse tilfella, bruker vi ofte hurtigtest, i tillegg til PCR

 

Flytskjema for ungdom og vaksne:

 H 8RxMz 68uT 7cwAAAABJRU 5ErkJggg==

Flytskjema for born:

 XidwTkccDjgcMDhwOfKgf 8fuhP tmKtPPAAAAAASUVORK 5CYII=

Reglar og oppmodingar i høve karantene og isolering:

Karantene og isolering - FHI

Råd og reglar for deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19

For deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19 - FHI

Innreisekarantene og reglar når du kjem til Noreg

Innreisekarantene og regler ved ankomst til Norge - FHI

Regler og oppmodingar for private og offentlege arrangement:

Arrangementer, samlinger og aktiviteter - FHI

Spørsmål om idrett, kultur og frivillighet:

Idrett, kultur og frivillighet - Helsedirektoratet

Vaksinering:

Alle innbyggjarane i kommunen som er fødd frå 2005 og seinare år skal ha fått tilbod om første vaksina. Dersom du ikkje har blitt kalla inn, ber vi om at du kontaktar kommunelegen på e-post: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

Gjennom sommaren har det vore felles vaksinasjon på Bykle samfunnshus. Utover hausten blir vaksinasjonen flytta tilbake til dei to kommunane. Det blir no vurdert av myndigheitene om alle over 12 år skal få tilbod om vaksina.

Vaksina er gratis. Vaksne skal få tilbod om andre dose minimum 3 veker etter første dose og ungdom 8-12 veker etter første dose. Ein vil få innkalling til dose nummer to.