• Oppsøk ikkje legekontoret eller legevakt (116 117) uanmeldt, men RING først ved mistenkt smitte. Det vil då bli gjort ei vurdering.
  • Det er god og dagleg oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet siden nettsider. (https://fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/)
  • Eit mistenkt smittetilfelle føreligg når ein har akutt luftvegsinfeksjon (hoste, sår hals kortpust eller feber) OG i tillegg i løpet av dei siste 2 vekene før plagene starta, oppfyller minst 1 av følgande kriterie:
  • Har vore i område med vedvarande spreiing (Desse landa oppdaterast løpande på Folkehelseinstituttet sine nettsider https://fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/ )
  • Har vore i kontakt med et koronavirussmitta menneske.

 

Generelle råd

  • unngå å nyse/hoste direkte på andre
  • hald god avstand til personar med luftvegsinfeksjonar
  • fokus på god handhygiene.
  • handdesinfeksjon kan nyttast dersom ein ikkje har rennande vatn tilgjengeleg
  • Bruk eingongstørkle ved hoste, eller host inn armhulen.
  • Vis omsyn og varsemd ved besøk til sjukeheim, kommunale bustader eller hjå personar ivareteke av heimetenesta.

 

Temaside om koronavirus - Folkehelseinstituttet

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

Risikogrupper:

Dei fleste som blir smitta vil trulig få luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, mens nokon vil få alvorligare sjukdom med blant annet lungebetennelse. Med den kunnskapen vi har så langt, ser det ut til at eldre personar (>65 år) og personar med underliggande kronisk sjukdom, har høgast risiko for alvorleg forløp av 2019-nCoV-infeksjon.