Bykle kommune anbefaler sterkt at alle innbyggarar og hytteeigarar set seg godt inn i dei nasjonale reglane og oppmodingane som no gjeld. Desse er beskrivne i sin heilskap på:

https://www.helsenorge.no/koronavirus

Vi uthevar dei viktigaste punkta her:

  • Bykle kommune tilrår alle å lasta ned smittestopp appen
  • Hald 2 meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine
  • Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halda avstand inne
  • Ha maks to gjestar på besøk  og dette inkluderer tilhøyrande uteområde
  • Ha få kontaktar og dei same over tid. Vi tilrår maks ti sosiale kontaktar per veike
  • Kjem du frå eit område med høg smitta, bør du ikkje overnatta på hotell eller tilsvarsande overnattingsstader i Bykle
  • Viss du bur på ein stad der kommunen tilrår å ikkje ha / forbyr besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk dersom du oppheld deg i Bykle
  • Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Hovden helsehus på telefon 37 93 86 80 på dagtid på kvardagar. I helgar tar du kontakt med 489 91 510 mellom kl 14-15
  • Dersom du testar positivt eller blir sett i nærkontaktkarantene medan du er på hytta, skal du reisa heim til kommunen du kjem frå
  • Barn og ungdom kan vera saman med kohortane sine som normalt, også innandørs

Ved tvil er du velkommen til å kontakta kommuneoverlegen på: benedicte.severinsen@bykle.kommune.no