Ved nyleg oppstått kløe og/eller utslett kan det vere skabb. 

Sterk kløe, særleg om natta, er typisk ved skabbsmitte. Utslett og kloremerke kjem raskt på grunn av den sterke kløen. Utslettet kan få små kløande vabler/blemmer samt små gangar i huda. Desse hudforandringane kan kome overalt, men vanlegast er mellom fingrar og tær, rundt handleddet, albuen eller navlen, i lysken, på rumpa og rundt kjønnsorgan.

Skabb forsvinn ikkje av seg sjølv og må alltid behandlast.
Alle i same husstand skal behandlast. 
Smittefaren stansar raskt ved behandling. Ein kan gå tilbake til barnehagen/arbeid/skule dagen etter at behandlinga er starta.

Gi melding til familie, venner, skule og barnehagar eller andre nærkontaktar. Det er viktig at alle nærkontaktar blir informerte og undersøkt.

Ved behov for meir utfyllande informasjon, sjå vedlagt skriv.

Som alltid minner eg om: God handvask!

Med vennleg helsing
Maren Østvold
Smittevernlege