Når mange arbeidstakarar bur saman på eit lite område med fellesområde, som for eksempel bad/dusj/toalett, kjøkken/eteområde, felles opphaldsområde og felles vaskeri, må det stillast strengje krav til smittevern generelt.
 
På grunn av utbrotet med koronavirus må desse smittevernreglane vere enda tydelegare enn vanleg og dei må følgjast strengt. Arbeidsgivar bør fastsetje klare reglar om smittevern saman med husordensreglane, og i samråd med arbeidstakarane. Reglane må vere på eit språk arbeidstakarane forstår.

Eksempel på tiltak: 
  • Generelle smittevernrutinar skal følgjast. Vask hendene ofte og grundig med lunke vatn og såpe, hald avstand til dei andre som bur på same stad og host i eit eingongspapir eller i armkroken.
  • Sørg for at det blir halde minst ein, men helst to meter avstand til andre når personar oppheld seg i fellesområde.
  • Ver nøye med reingjeringa av fellesområda. Alle må ta ansvar for å reingjere etter seg sjølv, og i tillegg må arbeidsgivar sørgje for regelmessig godt reinhald.
  • Dersom mogeleg, bør arbeidsgivar sørgje for at dei tilsette kan få levert maten på innkvarteringsstaden, spesielt dersom dei tilsette er i karantene etter innkomst til landet eller pga. nær kontakt med smitta personar.
  • Dersom ein eller fleire tilsette må isolerast pga. symptom på luftvegssjukdom, må den eller dei det er snakk om få tilgang til eige bad/dusj/toalett, få maten levert utanfor døra til romma dei bur på og dei må leggje tøy til vask i eigne smittesekker som blir sende til vaskeri. Ein tilsett i isolasjon skal ikkje nytte seg av fellesområde.

Dersom overnemnde tiltak, eller andre tilsvarande effektive tiltak, ikkje er mogeleg å gjennomføre, er ikkje innkvarteringsalternativa tilfredsstillande under den pågåande koronapandemien. 

Det skjer kontinuerleg endringar, og arbeidsgivar blir bedd om å halde seg kontinuerleg oppdatert på arbeidstilsynet sine nettsider.
 
Det er Arbeidstilsynet som fører tilsyn med innkvartering av arbeidstakarar, og har frå nasjonale styresmakter fått instruks om auka fokus på at smitteverntiltak ved innkvartering er vareteke.