Verksemdar, organisasjonar og arrangørar sitt ansvar for smittevern under Covid-19 pandemien 

 
Verksemda er sjølv ansvarleg for at drift skjer i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Leiinga er ansvarleg for å sikre ei forsvarleg drift som tek omsyn til smittevern, og plassere/delegere ansvar i verksamda for ulike oppgåver knyta til smittevern. 
Leiinga må sørgje for nødvendig opplæring og informasjon til tilsette og kundar. Ulike fasar av pandemien, ulik smittespreiing og sesongvariasjonar i talet som oppheld seg i kommunen, vil kunne krevje tilpassa førebyggjande tiltak frå verksemdane for sikre smittevernforsvarleg drift.  

 

Smittevernforsvarleg drift og risikoreduserande tiltak 


Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber at verksemda skal sørgje for at vitjarar og personell kan halde minst 1 meters avstand til personar i annan husstand, at den har utarbeidt rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane blir overhaldne. 

  • Ut i frå ei samla vurdering må bedrifter og organisasjonar ha ein Risiko- og Sårbarhets analyse som dannar grunnlag for risikoreduserande tiltak.   
  • organisering av verksemda, medrekna fordeling av ansvar, oppgåver og delegering innan smittevern (både førebyggjande tiltak og planverk ved utbrot i eller tilknytt verksemda)  
  • organisering av verksemda knytta opp mot stor sesongvariasjon av mengd menneske som oppsøkjer verksemda og tiltak for å unngå samanstimling av menneske og kødanning. 
  • prosedyre for å sikre tilstrekkeleg opplæring og kompetanse hos medarbeidarar for å etterleve regelverket .
  • prosedyre eller plan for å oppdage og korrigere avvik.  


Verksemda sitt ansvar i smittesporing ved eit smitteutbrot 

 
  • Verksemda skal kunne ha oversikt over arbeidslistar, medarbeidarar som blir definerte som nærkontaktar (nærmare enn 2 meter i 15 minutt) og kontaktinformasjon til tilsette.   
  • Ved arrangement skal deltakarar vere registrerte med kontaktinformasjon. 
  • Kommunehelsetenesta (smittesporingsteamet) og verksemda sin leiing må samarbeide om kven som skal informere dei ulike gruppene (tilsette, kundar mm) og på kva måte. Det er viktig å inkludere vikarar og kortvarig tilsette i informasjonsformidlinga, samt personar i andre kommunar som er tilknytt verksemda der det har oppstått smitte. 
  • Verksemda må informere kommunehelsetenesta om behov for tolk.   
  • Verksemda må overhalde teieplikt. Alle involverte ønskjer mykje informasjon, og behovet må balanserast mot teieplikt og personvernomsyn.  
 

Kommunen sitt ansvar under Covid-19 pandemien 

 
Kommunen har to hovudoppgåver. Det eine er tilsyn med verksemder, organisasjonar og arrangement. Det andre er testing og smittesporing i samband med utbrot.  
 

Kommunen sitt tilsynsansvar under Covid-19 pandemien  
 

Prioritering av tilsynsobjekt og tidspunkt for tilsyn 
Det er i stor grad opp til kommunane sjølv å vurdere korleis dei vil innrette seg for å i vareta tilsynsansvaret dei er pålagde. Kommunen vil prioritere tilsynsområde ut frå ei risikovurdering der ein vurderer sannsyn for ei uønskt hending, og konsekvensane som ei uønskt hending kan få. Hovudstrategien for tilsyn er:  
 
  • Å ha flest tilsyn når det statistisk sett er flest mennesker samla på Hovden, dvs. i perioden jol-nyttår, veke 8 og 9 samt siste del av påskeferien.  
  • Å prioritere tilsyn der tilsette har størst sannsyn for å bli smitta og dermed smitte andre. Yrker med høgast smitteførekomst finn ein ved serveringsstader, kaféar, gatekjøkken, skjenkjestader og butikkar.  
  • Å ha tilsyn med bedrifter som samlar mange menneske med fare for kødanning, f.eks. uteområde tilknytt alpinbakken og Badeland. 
  • Å prioritere tilsyn av arrangement der det er mange menneske samla over tid, spesielt med alkohol involvert. (Alle arrangement som søkjer om skjenkjeløyve bør vurderast for tilsyn) 
 
Grunngiving: 
 
1. Risikofaktorar 
 
Forhold som gjeld yrke 
Undersøking forteken av FHI viser at nokre yrkesgrupper er meir utsett for smitte med Covid-19 enn andre. Tilsette i serveringsbransjen, slik som bartenderar, servitørar, kafé- og gatekjøkkenarbeidarar er yrkesgruppene som har hatt høgast førekomst av Covid-19 hausten 2020. Butikkmedarbeidarar ligg òg over gjennomsnittet i tal sjukdomstilfelle.  
 
Tids- og stadsspesifikke forhold 
Det er stor variasjon i tal personar som oppheld seg i Bykle kommune, og då spesielt på Hovden. Opp mot 15-20 000 personar kan totalt opphalde seg i Bykle kommune somme delar av vintersesongen. Ein ser auke einskilde helgar, i vinterferievekene (Agder og Rogaland) samt rundt høgtider som jol/nyttår og påske. Dette aukar faren for kødanning i butikkar, kaféar, restaurantar, utestader, Badeland og alpinanlegg, som igjen aukar risikoen for at smitteverntiltaka i verksemder ikkje blir etterlevde.   
Tilbakemeldinga frå kafé- og serveringsbransjen er at det er spesielt stor pågang rundt lunsjtider, og tilsyn bør prioriterast rundt desse tidspunkta. 
 
2. Smittevernprinsippar  
 
Sosial distansering er det mest effektive førebyggjande tiltaket, men òg viktig for å redusere omfanget ved eit utbrot.   
 
Tid er ein viktig faktor, og aukar sannsyn for smitte. Risikoreduserande tiltak kan vere å redusere tida mennesker er samla.  
 
Små rom og/eller mange mennesker samla aukar risikoen for smitte.  
 
Aktivitetar som aukar pustevolum, aukar risiko for smitte. Synging, roping, skriking og trening aukar risiko for smitte. Høy musikk gjer at folk må nærmare kvarandre for å snakke.  
 
Hovudprinsipp: Størst risiko for smitte ved fysisk samvær mellom mennesker, tett samla, over tid og spesielt innandørs.    
 
 
Juridisk/rettsleg grunnlag 
Det følgjer av smittevernlova § 7-1 fjerde ledd at kommunen skal føre tilsyn og sørgje for at reglane i lova vert overhaldne og at vedtak i medhald av lova vert gjennomført. Det følgjer vidare av Covid-19-forskrifta § 18 at kommunen fører tilsyn med at verksemdene som nemnde i forskrifta sine kapittel 4 og 5 driv smittevernfagleg forsvarleg.  
 
Kommunen er pålagd å føre tilsyn med faktorar og forhold i miljøet som til einkvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa, jf. Folkehelselova § 9 Desse omfattar blant anna biologiske faktorar, jf. folkehelselova § 8. Smittsame sjukdomar, som eksempelvis Covid-19, vil falle inn under det som sjåast på som faktorar i miljøet som kan ha innverknad på helsa, og blir dermed omfatta at folkehelselova kapittel 3 og forskrift om miljøretta helsevern. 
 
Det er gitt særskilde krav til forhold som gjelder helse i verksemder og eigedomar i forskrift om miljøretta helsevern § 10. Det følgjer av føresegna at "virksomheter og eigedommer der allmennheten har adgang, eller som benyttes av mange mennesker, eller hvor mennesker oppholder seg over lengre perioder", blant anna skal "planlegges, drives og avvikles slik at at smittsomme sykdommer forebygges", jf. § 10 bokstav f. Etter forskrifta § 12 pliktar verksemda å ha og utføre internkontroll, for å kontrollere at desse krava i forskrifta vert etterlevde. Internkontrollen skal tilpassast verksemda sin art, aktivitetar, risikoforhold og storleik i det omfanget som er nødvendig for å etterleve krava. 
 

Kommunen sitt ansvar innan smittesporing 

 
Kommunehelsetenesta har ansvar for oppfølging rundt tilfelle med stadfesta Covid-19 (smittesporing). Det er kommunehelsetenesta som skal avgjere nødvendige tiltak, slik som å definere kven som er nærkontaktar til den sjuke og difor skal i karantene.  Dersom det skulle bli behov for ytterlegare tiltak er den kommunehelsetenesta si oppgåve å vurdere og eventuelt gi pålegg om dette