Testing 

• Dersom du får symptom som feber, hoste, tungpuste, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle skal du ringje legevakt på 116 117 for testing. 
• Testen er gratis.  
 
Dersom du har stadfesta smitte med covid-19  

• Dersom du får stadfesta smitte med covid-19 skal du i isolasjon og blir følgd opp av lokal helseteneste.
• Du blir isolert i heimen, i helseinstitusjon eller ein annan stad kommunen fastset.
• Ta kontakt med lege dersom sjukdomen vert forverra. 
 
Generelle smitteverntiltak 
 
• Hald avstand, minst 1 meter

• Vask hender ofte og grundig

• Hald deg isolerte dersom du er sjuk 
 
Karanteneplikt  

• Kjem du frå land eller område som har for høg smittespreiing skal du i karantene i 10 døgn frå den dagen du kjem til Noreg.
• Det gjeld desse landa/områda: www.fhi.no/smittevernreise
• Når du skal i karantene er det lov å reise rett til opphaldsstad med planlagt transportmiddel. Unngå nær kontakt med andre til du er heime. 
• Karantenen skal gjennomførast samanhengande på eitt stad dei 10 fyrste dagane du oppheld deg i Noreg. 

 
Korleis gjennomføre reisekarantene