Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline23. januar kl. 14:46

Har du vore i ein av dei kommunane som er ramma av dei strenge nasjonale tiltaka?

Les mer clear
error_outline17. desember kl. 12:31

Informasjon, råd og reglar for Koronapandemien (Covid-19)

Les mer clear
Rådyr

Rådyr

Søk tilskott til vilttiltak - innan 15.jan

Agder fylkeskommune forvaltar ei statleg tilskotsordning dei har kalt "Tilskot til vilttiltak". Tilskotsordninga skal bidra til ei forvaltning som fremjer eit haustingsverdig overskot av viltet. Innafor denne ramma, skal ordninga legge til rette for rekruttering og verdiskaping basert på jakt og fangst som ein del av friluftslivet. Søknadsfrist: 15. januar 2021. Både frivillige organisasjonar, institusjonar, kommunar og enkeltpersonar kan søke tilskot.

Følgjande tiltak kan få tilskot:

  • tilrettelegging for verdiskaping og rekruttering til jakt og fangst
  • informasjon om jakt og jaktmoglegheiter
  • kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde, samt viltinteresser i kommunar og regionar
  • innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter Plan- og bygningsloven
  • oppretting og drift av lokale samarbeidsråd
  • deltaking i rettigheitshavarane sitt driftsplanarbeid
  • forvaltningsretta forsking og overvaking.

Søknadar om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planmessig arbeid vil bli prioriterte.

Søknadar som gjeld nasjonale tiltak eller prosjekt skal bli sendt til Miljødirektoratet. Søknadar på regionalt nivå som gjeld jaktbare artar blir sendt til Agder fylkeskommune, og for dei ikkje-jaktbare artar  blir sendt til Statsforvalteren i Agder (tidlegare fylkesmannen). Mindre tiltak innafor den enkelte kommune bør primært søkje frå det kommunale viltfondet i gjeldande kommune.

Søknadsfristen er 15. januar 2021, og søknad skal bli sendt via Miljødirektoratet sitt elektronisk søknadssenter.

Publisert | Oppdatert 08. januar 2021