Bykle kommune ønskjer å gi så gode tenester som muleg. Då må vi vite kva innbyggjarane meiner. Difor spør vi deg, gjennom innbyggjarundersøkinga, kva du synest om tenestetilbodet. Denne undersøkinga vil hjelpe oss med å utvikle tenestene og kvaliteten på dei.

Vi oppmodar deg til å bruke litt av tida di for å svare på undersøkinga.

Tilgong til undersøkinga er send deg som elektronisk post til Altinn.

Om du ønskjer å få den på papir tilsend i posten er det bare å be om det:

Telefon: 37 93 85 00 eller epost: informasjon@bykle.kommune.no