Frå økonomirapport til etableringstilskot, søknader om skjenkeløyve og kulturmidlar for 2022 -dei folkevalde fekk nok å drøfte. Ulike reguleringsplanar vart sett på - eit område me kjem tilbake til. Også samarbeid om Otravassdraget og samarbeid med fylkeskommunen om Etablerersenter kom på bordet. Me kjem med meir frå kommunestyremøtet med det første.
Innhaldsrikt kommunestyremøte i Bykle

Frå kommunestyremøtet i Bykle. Frå venstre: kommunedirektør Karina Sloth, utvalssekretær Eivind Ilje Tveit og Høgre-benken Kay Jeiskelid, Merethe Hjemdahl og Tommy Vatslid. I bakgrunnen plansjef Signe Sollien Haugå.
Dei folkevalde i Bykle var torsdag 23. juni samla til kommunestyremøte. Ei lang saksliste venta.