Bakgrunnen for valet, som skjer midt i ein kommunestyreperiode, er at tidlegare ordførar Jon Rolf Næss har fått vervet som leiar i LVK.

- Det har vore 11 fantastiske år som ordførar, og eg er takksam for samarbeidet både med politikarar, administrasjonen i Bykle kommune og ikkje minst bygdefolk og hyttefolk. Det har vore spennande å vere ordførar i ein så flott kommune, sa Næss.

- Konstruktive debattar

Jan Dagfinn Dalen takka kommunestyret for tilliten.

- Me skal takke Jon Rolf av for ein formidabel jobb som ordførar, og så skal eg gjere så godt eg kan. Eg ynskjer godt samarbeid og konstruktive debattar både med posisjon og opposisjon, og takkar for tilliten eg fekk her i kveld, sa Dalen då han fekk ordførarkjedet overlevert av avtroppande ordførar.

- Kva med Hovdenrevyen?

Kommunedirektør Karina Sloth takka også den avtroppande ordføraren.

- Masse lukke til i LVK! Det er med blanda kjensler eg takkar deg av på vegne av administrasjonen. Jovisst er det flott at du har fått vervet i LVK, men me har sett pris på samarbeid og dei gode historiane dine også her i kommunen. Kven i all verda skal Hovdenrevyen no parodiere?, undra Sloth, før ho gav Jon Rolf Næss avskilsgåve frå kommunen.