Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) får i desse dagar mange spørsmål om ein treng å ta jodtablettar som fylge av situasjonen i Ukraina. Svaret frå DSA er at den store geografiske avstanden gjer det svært lite sannsynleg at det vil bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg. 

I Bykle kommune er det jodtabletter til alle under 18 år, gravide og ammande. Dei er lagra på barnehagane, skulane og legekontora i Bykle og Hovden. Andre mellom 18 og 40 år vert tilrådd å sjølv skaffe tabletter.

Jodtablettar skal berre takast etter råd frå myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og på dsa.no