Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) får i desse dagar mange spørsmål om ein treng å ta jodtablettar som fylge av situasjonen i Ukraina. Svaret frå DSA er at den store geografiske avstanden gjer det svært lite sannsynleg at det vil bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg.
I Bykle kommune er det jodtabletter til alle under 18 år, gravide og ammande. Dei er lagra på Bykle helsesenter. Ved ei hending som gjer det aktuelt å dele ut jodtablettar vil kommunen opplyse om korleis utdelinga blir.
Andre mellom 18 og 40 år vert tilrådd å sjølv skaffe tabletter.
- Jodtabletter - kvifor, når og korleis
- Direktorat for strålevern og atomsikkerheit si vurdering av situasjonen i ukraina per 05.03.22
- Eigenberedskap
- Informasjon på fleire språk
Jodtablettar skal berre takast etter råd frå myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og på dsa.no