Nok eit krevjande år for mange går mot slutten. Korona og høge straumprisar gjer oss bekymra og utrygge.  Vi treng ei god jol med familie og gode vener der vi har nokre fridagar og Grevinnen og hovmeistaren på TV!

Når straumprisane aukar, gjer det at inntektene til Bykle kommune også aukar. Eit samla kommunestyre beslutta difor at kommunen ynskjer å hjelpe kvar innbyggjar med 3000 kroner som ein kompensasjon for dei høge straumprisane. Vi håpar det kan vere ei god hjelp når rekninga kjem i januar!

2021 har for mange vore eit krevjande år, og på slutten av året måtte vi som alle andre forhalde oss til strengare koronatiltak. Nok ein gong omstilte vi oss raskt, både i privat og offentleg sektor. Eg er så imponert over kor disiplinerte vi er i Bykle, - det kan vi vere stolte av. Tusen takk til dykk alle!

 

Eg har trua på at 2022 blir eit meir normalt år enn dei to siste. Eg ynskjer meg eit heilt gjennomsnittleg år utan dei dramatiske hendingane. Ein stabil vinter, ikkje for kaldt, ikkje for varmt, og at ein tredje koronavaksine bremsar pandemien, ja, at vi kan finne tilbake til ein meir forutsigbar kvardag.

I 2022 skal vi lande nokre viktige politiske saker som kan få stor betydning for kommunen. Vi har i haust jobba med ein strategisk næringsplan og til våren får vi opp ein viktig sak om busetning. Dette er saker som kan gjere det meir interessant å etablere næring og skaffe seg eigen bustad i kommunen.

«Bykle ser langt» er kommunen sitt slagord. Vi må kunne sjå fram i tid for å vere ein tilretteleggjar for at ungdomen skal etablere seg og sikre folketalsvekst i heile kommunen.

Vi skal alle ha kjensla av at det er godt å bu i Bykle, ung eller gamal, lat oss vere einige om at det skal vi alle bidra til.

Eg vil med dette ynskje dykk alle ei god jol og eit godt nytt år!