Jordmortenesta tilbyr oppfølging og kontrollar i svangerskapet, samt heimebesøk og etterkontroll etter fødsel. Jordmortenesta yter også vaktberedskap for den gravide frå veke 39 og fram til fødsel, samt følgjeteneste til sjukehus. Dette er i samarbeid med helseføretaket. Det blir sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og undervisning. Alle gravide har ulike behov, og me prøver å legge til rette omsorga slik du ynskjer. Ved fyrste samtale får du informasjonsmateriell.

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld:

•    Blodtrykkskontroll
•    Urinprøve
•    Rekvirering av blodprøver
•    Vekt
•    Lytte til barnets fosterlyd
•    Måle korleis barnet veks i magen
•    Finne fosterleie, spesielt etter veke 36
•    Informasjon og vegleiing
•    Jordmor kan også tilvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette.

For timebestilling kontakter du jordmor direkte på telefon eller e-post. I svangerskapet er det frivillig å gå enten til jordmor eller lege, eller vekselvis begge.

Grethe Mosdøl Nomeland er tenestekoordinator for jordmortenesta.