Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Kay Arne Jeiskelid og Setesdalsprisen

Kay A. Jeiskelid fekk Setesdalsprisen 2015

"Samfunnsbyggjaren først og fremst!"

Juryen si grunngjeving: " Prismottakaren av Setesdalsprisen 2015, Kay A. Jeiskelid, har over lang tid virka på ein fortenestefull måte i høve det  å skape/sikre arbeidsplassar, og å medverke til verdiskaping i regionen- direkte og indirekte. Kay A. Jeiskelid  er ein samfunnsbyggar - og entreprenør i ordets vidaste forstand. Hans virke har skapt store ringverknader med vasskraftutbyggingar og oppdrag for anleggsbransjen, men og for reiselivsnæringa gjennom utviklinga av Hovden og lokalt næringsutviklingsarbeid i Bykle. Han har og vore utløysande for regional utvikling gjennom å vere initiativtakar og å fronte store disposisjonar frå kommunen til etablering av Setesdal næringsfond og forskotteringar til utbygging av riksveg 9 mv.  Han og Bykle må og seiast å ha vore banebrytande i evna til å kople fjellbygda med kapital / investorar, og for gjennom ei årrekkje å ha utvikla samhandling med fylkeskommunen og regionale styresmakter til beste for å skape fjellbyen og ein komplett vinterdestinasjon for  landsdelen"

Stortingsrepresentant Ingebjørg Amanda Godskesen stod for prisutdelinga under Setesdalskonferansen. Prisen var kunstnarleg diplom med bilete teke av Marit Simonstad Kvaale og gåvesjekk på kr 10.000,-

Juryen var i år samstemte om å kåre ein kandidat som skil seg frå oppnådde resultat isolert til ei verksemd eller si eigen verksemd – og for fyste gong å tildele prisen til kandidat med vekt på fortenestefull innsats for næringslivet og næringsutvikling i Setesdal.  I juryen sat ordførarane, i lag med Regionalutviklingssjefen i Aust-Agder fylkeskommune; Kirsten Borge, direktør i Innovasjon Norge Agder; Erling Hellum og representant frå 1.lina i næringsarbeidet for kommunane; Connie Barthold.

Prismottakaren vart kåra gjennom at prisen vart kunngjort med frist for å kome med forslag til aktuelle mottakarar. Det var 6 nominerte kandidatar i år og avrøystinga var gjort på bakgrunn av saksførebuing og innstilling frå dagleg leiar.

Kontaktinformasjon

Setesdal Regionråd
Postboks 4
4747 Valle

post@setesdal.no

Kay Arne Jeiskelid
Kay Arne Jeiskelid
Publisert | Oppdatert 22. april 2015