Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Kjernejournal

Kjernejournal

Kjernejournal - ei ny elektronisk teneste.

1. mars 2016 fekk alle innbyggjarar i 29 kommuner rundt Sørlandet sjukehus sin kjernejournal. Denne kan vere til stor hjelp i akutte situasjonar.  Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Den viser helseopplysningar som er spesielt viktig om du trenger akutt hjelp og du får behandling ein stad du ikkje har vore før.  Kjernejournal er eit supplement til pasientjournaler hos fastlege, legevakt og sjukehus.

- I dag er det mange som trur at helsepersonell kan sjå opplysningar på tvers av behandlingsstader, men det kan dei ikkje. Faller du om på gata og blir kjørt på legevakta, så har dei ikkje automatisk tilgang til opplysningar om deg, men må finne dette manuelt. Det kan ta tid. Her vil kjernejournal kunne vere til stor hjelp, seier divisjonsdirektør Anne-Lise Härter i Direktoratet for e-helse.

Les meir om ordninga her. 

Direktoratet for e-helse har laga ein ny film som viser eit eksempel på korleis ein oppdatert kjernejournal kan redde liv i akutte situasjonar.

Her er lenke til filmen

 

Kjernejournal
Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 12. april 2016