Som me nyleg skreiv på heimesida så er Urevassvegen stengt for fri ferdsle som tiltak for å verne villreinen. Så har likevel fastbuande i Bykle kommune tilgang til vegen.

Tilgangskort synleg i bilen

Dei som vil nytte seg av dette må ha eit tilgangskort synleg i bilen - kortet er det gratis å hente ut frå kommunen på rådhuset kvardagar mellom 9-14. Urevassvegen opnar 1. juli og skal vere open for dei med lov til å ferdast der fram til snøen kjem. Støyldalsvegen er open som før.