I samband med TV-aksjonen 23. oktober blir det skipa til fleire arrangement på Bykle-skulane, det skal vere kulturkafé i Bykle samfunnshus og ikkje minst blir det skipa til støttekonsert på sjølve innsamlingsdagen. Alt dette skal komiteen sy saman.

- Det blir ikkje bøsser i år, men heller ikkje bare eit noko passivt opplegg med Vipps. Me går rett og slett frå dør til dør med Vipps for dei som vil gje, seier Merete Egeland i frivilligsentralen.

Konsert

Ikkje alt av detaljar er klart enno, men det som er sikkert er at både skulane og ikkje minst det som skal skje i Bykle samfunnshus onsdag 19. oktober med kulturkafé og konsert kjem til å bli flotte bygdehendingar og det til eit godt formål.

- No kjem me med meir informasjon etter kvart. Det viktigaste å få ut no er at me tar sikte på å kome på dørene med Vipps sundag 23. oktober, så håpar me at byklarane er så rause som dei plar vere, seier komiteen for TV-aksjonen 2022.

Vil du vite meir? Her er vegen til frivilligsentralen i Bykle kommune og andre relevante linkar i samband med TV-aksjonen:

Frivilligsentralen

https://giverstafett.no/gi-gave

https://blimed.no/