Uønskte hendingar er ei utfordring for eit lokalsamfunn, og derfor er det viktig at kommunen har planar for både førebygging, beredskap og krisehandtering.
Kommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best muleg måte. Det betyr at vi skal:

  • sørgje for innbyggjarens tryggleik
  • ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise
  • verne om miljø og kulturverdiar og
  • forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.

Bykle kommune har ein politisk godkjent plan for krisehandtering av ulykker og uønskte hendingar. Kommunen har eiga kriseleiing og eit psykososialt kriseteam.

Kommunen har varslingssystem slik at innbyggjarar eller vitjarar i eit definert område kan varslast med SMS til mobiltelefon ved viktige henddingar.

Samarbeid om beredskapen i Setesdal

I Setesdal har ein i samarbeid mellom kommunane og Fylkesmannen laga ei ROS-analyse (risiko og sårbarheitsanalyse) for dei mest aktuelle hendingane. Denne analysa er lagt til grunn for plan for kriseleiing i kommunane. Vidare vert det gjennomført øving og tilsyn i fagfeltet frå Fylkesmannen for å sikre at ein er best mogleg budd når krisa oppstår.

Varslingsinformasjon og registrering

Kommuner i hele Norge benytter Varsling 24 for utsendelse av meldinger til innbyggere via SMS, epost og telefonoppringing.

Her kan du sjekke om vi har rett kontaktinformasjon eller du kan registrere deg: Varsle Meg

 

Varsling24.png

Store arrangement

I Rettleiing for tryggleik ved store arrangement får du ei detaljert og nyttig rettleiing for dette arbeidet.  Som arrangør av større deltakar- og publikumsarrangement, ber vi deg kontakte kommunen i god tid på førehand, slik at ulike aspekt ved det enkelte arrangementet kan vurderast opp mot tryggleik og sikkerhet og vi oppmodar deg som arrangør å setje deg inn i denne brosjyra.

 

Psykososialt kriseteam

Bykle helsesenter har ansvar for å kalle ut krisegruppa etter pålegg frå AMK, lege, ambulanse eller politi.

Noter kva medlinga gjelder, kor dei skal møte og eventuelle tilleggsopplysningar. Dei startar utkalling etter liste. Får dei ikkje kontakt med lokalt kriseteam blir kriseteamet i Valle kommune varsla. 

Vakttelefon vaktrom: 910 04 945

Leiar for psykososialt kriseteam: Trude Mikkelsen trude.mikkelsen@valle.kommune.no