Kommunen har bygd fleire anlegg på tettstadene Bykle og Hovden: 

  • Idrettsplassar for fotball, trening, friidrett, skøyter
  • Nærmiljøanlegg
  • Ski- og turløypenett / ljosløyper / rulleskiløype
  • Badeplassar
  • Symjehall/-fritidsbad
  • Innandørs- og utandørs skytebanar (rifle- og hagleskyting)
  • Ballbinge

Av utandørs aktivitetar er det idag volleyballhallar både i Bykle og på Hovden.
Hovden langrennsarena har 15 km med tevlingsløyper for langrenn (nasjonal standard), eigen rulleskiløype (konkurranseløyper).  Det er bygd servicebygg/tidtakerbu i tilknytning til anlegget.

Anlegga er bygd for bruk av alle aldersgrupper, og det er vektlagd at funksjonshemma skal ha tilgjenge til dei anlegga som naturleg kan nyttast av denne brukargruppa.
Ut frå ovannemnde er kommunen godt dekka sommar- og vinterstid.