Det har oppstått ein teknisk feil i samband med utsending av faktura for kommunale avgifter. Denne feilen inneberer at faktura vert forsinka til mottakar. Faktura er forventa levert mottakar i løpet av dei første dagane, og forfall er allereie 1. oktober.

Den tekniske feilen ligg utanfor kommunen, men Bykle kommune beklagar den ulempa kort betalingsfrist gjev den enkelte mottakar.