Kommuneplanen er Bykle kommunes viktigaste styringsdokument og skal legge føringar for satsingsområde og arealbruk i fleire år framover.

Mange har teke del og kome med innspel, både til arealdelen og samfunnsdelen. Eg er glad for dette engasjementet. Det er viktig at vi klarer å balansere arealbruken slik at vi ser langt fram. Samstundes må vi gjere vårt til at det er muleg å leve eit godt liv i Bykle her og no, både for fastbuande og gjester.

Vi vil gjerne stå fram som eit raust og inkluderande lokalsamfunn.