I og med at budsjettet er hovudsak den dagen skal mykje handle om økonomien for neste år, og økonomiplanen for 2023-2026. Av andre saker som kjem på bordet nemner me serveringsløyve for Rustico, detaljregulering for Øvre Hovden Alpin lodge, styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta, søknad om tilskot frå Bykle sokneråd og straumstøtte næringsdrivande, 3. kvartal.

Ikkje open time til ordførar

Vanlegvis held Bykle-ordførar Jan Dagfinn Dalen døra open for alle som vil innom på rådhuset utan avtale torsdagar. Slik blir det altså ikkje torsdag 24. november, då ordføraren naturleg nok er oppteken med kommunestyremøtet saman med dei andre folkevalde.

HER kan du høyre møtet