Etter vanlege rundar om saksliste og med førespurnader skal dei folkevalde mellom anna gå gjennom innkjøpsreglementet. Kulturmidlane for 2022 skal på plass, og ein samarbeidsavtale om vasskoordinator for Otravassdraget står på sakslista.

Etableringar

Kommunestyret skal sjå på samarbeid med Agder fylkeskommune om Etablerersenter IKS, og eit samarbeid mot arbeidslivskriminalitet skal formaliserast. Ei rekke reguleringsplanar skal behandlast. Dette og mykje meir skal dei folkevalde ta stilling til torsdag. Møtet tar til klokka 10.00, og blir streama. Du kan få med deg møtet her