Kommunen inviterer til kontaktmøte med lokalt næringsliv , i morgon, onsdag 25.mars - frå kl 14:00 til ca 15:30.

Føremålet er både å informere frå kommunen, men ikkje minst å vere lyttepost i høve utfordringane næringslivet står overfor i desse koronatider.

Frå kommunen deltek ordførar, kommunedirektør og næringssjef. 

Møtet går på Skype. For å bli med; send mail til Roy Bakke i Destinasjon Hovden - så legg han deg til som møtedeltakar.

Mail til Roy; roy@hovden.com

Prøv gjerne om de kjem på lufta litt i framkant.