Innbyggjarar og besøkande kan kjenne seg trygge i høve beredskap og smittevernoppfølging i samband med ferieavviklinga i Bykle. Administrasjonen har gått gjennom og førebudd organisasjonen. Helsetenesta er rigga for å ta hand om ev. lokalt utbrot. Smittesporing og ev. folk som må isolerast eller i karantene vil få oppfølging av helsetenesta lokalt.  Koronatelefon og prøvetaking tilsvarande. Kommunen har også tilsynsansvar for miljøretta helsevern og smittevern – Ev bekymringsmeldinger melder ein via kommunen sin informasjon – informasjonen@bykle.kommune.no. Plassar som er særleg utsett i høve smitte som svømmehall, treningssenter mv. vil bli følgd opp av kommuneoverlegen. Alle næringsverksemder har også fått informasjon og råd for å sikre god dialog i vekene som kjem både når det gjeld ev korttidsopphald for utanlandske arbeidstakarar, ivaretaking av utsette arbeidstakarar og -grupper mv. Vi ønskjer alle ein trygg og smittefri sommar i Bykle - Vask hendene, hald avstand og nyt å vere her!