I dag, 12.mars, sette vi krisestab, for å konkretisere korleis vi best kan trygge innbygjarar og tilreisande i ei utfordrande tid. Vi har fokus på samfunnsviktige funksjonar og tenester, og det vi kan bidra med til å drive smittevern og førebygjande tiltak lokalt. Det handlar om å stå saman - hand i hand - på litt trygg avstand! 

I vedlegget kan mellom anna du lese om ;

  • stenging av skule, barnehage, sfo og vaksenopplæring f.o.m 13. mars
  • stenging av kommunehus, alders- og sjukeheim og fleire offentlege bygg og anlegg, hotell,  serverings- og spisestader, skianlegg m.v.
  • nye og strengare restriksjonar på arrangement, møteplassar 
  • helse- og reiserestriksjonar for tilsette og innbygjarar
  • etablering av hjelpetenester
  • førespurnad om friviljuge til å hjelpe til  ved ev. behov