Det er tablettane Paxlovid som skal brukast, men det er altså dei som har ekstra risiko for å bli alvorleg sjuke som skal kunne få denne behandlinga. For dei det gjeld er det viktig at behandlinga kjem i gang tidleg, noko som også betyr at får ein luftvegssymptom bør ein ta ein korona-test.
Tre grupper
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid: dei som har alvorleg immunsvikt, dei over 65 år som ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom og alle over 80 år.
Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva ein skal gjere viss ein blir sjuk finn du på Helsenoreg HER