Bykle kommune har fått to beløp kr 250 000 og kr 2 196 000.


Beløpet på kr 250 000

Verksemder som ikkje felle innanfor andre kompensasjonsordningar, og ikkje fell innafor næringskode 55, 56 og 93 kan tildelast inntil kr 250 000.

Søknadsfrist er 15.5.

Om det ikkje er søkare som oppfyll kriteria vil desse midlane fordelast i høve med den siste ordninga.


Beløpet på kr 2 196 000

Fordelinga er som følgjar:

  • Kr 635 000 vil bli fordelt til verksemder som driv med servering og overnatting (næringskode 55, 56)  etter søknad.    
  • Kr 1 560 000 vil bli fordelt direkte til Hovden Alpinsenter AS

Søknadsfrist på denne ordninga er 24.5.

 

Søknaden må innehalde:

  • I kva slags grad verksemda har vært råka av lokale og nasjonale smittevernstiltak.
  • Kva slags økte kostnader og tapte inntekter dette har medført.
  • Komplett rekneskap for 2019 og 2020 (Foreløpig rekneskap om ikkje årsregnskap er avlagt) og evt. perioderegnskap for 2021.
  • Gi også anna informasjon om det er relevant, for eksempel endring i rekneskapsprinsippa.
  • Om verksemda har søkt på andre kompensasjonsordningar, og om disse er innvilga eller ikkje innvilga.
  • Om verksemda har mottatt bagatellmessig støtte for 2019, 2020 og 2021.
  • Ønska kontonummer for evt. utbetaling.

Søknad på begge ordningane sendast inn på regionalforvaltning.no

Handsaming av søknader:

Søknadane vert handsama fortløpande og forslag til fordeling leggjast fram for handsaming i Formannskapet 15.6.

Deretter vil utbetaling skje så raskt som mogleg.

For spørsmål om ordninga kan næringsrådgjevar Trine Tharaldsen kontaktast på telefon: 980 52 190 eller via e-post: trine.tharaldsen@bykle.kommune.no