Bykle kommune tilrår sterkt at alle innbyggarar og hytteeigarar set seg godt inn i dei nasjonale reglane og oppmodingane som no gjeld frå 16.04.2021. Desse finn du HER 

Bykle kommune har ikkje eigne lokale reglar.

Vi uthevar dei viktigaste punkta her:

  • Bykle kommune tilrår alle å lasta ned smittestopp appen
  • Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand innandørs til andre
  • Husstanden bør ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester samtidig i hus, leilegheit, hytta eller utandørs i hage/uteområdet. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand (f. eks. to foreldre og fire barn) kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand
  • Ha få kontaktar og dei same over tid
  • Kjem du frå eit område med høg smitte, bør du ikkje overnatte på hotell eller tilsvarande overnattingsstader i Bykle
  • Viss du bur på ein stad der kommunen ikkje tilrår besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk dersom du oppheld deg i Bykle
  • Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Hovden helsehus på telefon 37 93 86 80 på dagtid på kvardagar. Etter opningstid kan legevakta kontaktast på telefon 116 117 ved behov
  • Dersom du testar positivt eller blir sett i nærkontaktkarantene medan du er på hytta, skal du reisa heim til kommunen du kjem frå
  • Barn kan vere saman med kohortane sine som normalt, også innandørs
  • Det vert tilrådd at arbeidsgjevar sørger for at tilsette jobber heimefrå og halde møter digitalt på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg. For nokon er heimearbeid og digitale møter vanskeleg grunna psykososiale/sosiale forhold, heimesituasjon eller liknande. Leiar bør legga til rette for at personar med behov for å vera heilt eller delvis til stades på jobb får moglegheit til dette
  • Treningssenteret kan holde opent for alle og det er lov med organisert trening også for vaksne over 20 år med inntil 10 personar – dersom det er ein arrangør som har ansvar for smittevern 

 

Ved tvil er du velkomen til å ta kontakt med kommuneoverlegen på e-post:

benedicte.severinsen@bykle.kommune.no