Dam Sarvsfossen   

Artikkel i Teknisk ukeblad:  "Kraftforsyning i milliardklassen"

"Prosjektet «Brokke nord og sør, Skarg Kraftverk» i kommunane Bykle og Valle er den største kraftutbygginga på Sørlandet sidan Hekni kraftverk, som blei ferdigstilt i 1995.  Utbygginga til Otra Kraft gir ein auka produksjon av kraft i Otravassdraget tilsvarande det årlege straumforbruket til 9.000 einebustader. Utbyggarane har halde tidsplanen trass to tøffe vintrar, og ferdigstilling av heile anlegget vil skje i september.

Bra for klimaet...
Kraftverksdirektør i Otra Kraft DA, Reidar Ove Mork, konkluderer med at utbygginga av «Brokke nord og sør, Skarg kraftverk» har svært mange fordelar.

– Utbygginga er bra for klimaet, for Norge si satsing på fornybar energi, for vertskommunane, for grunneigarane, for eigarane av Otra Kraft og for staten, seier Mork i eit intervju i selskapet si informasjonsbrosjyre