www.bykle.kommune.no

Dam Sarvsfossen

Dam Sarvsfossen

Kraftstasjonar og kraftproduksjon

Sarvsjuvet er den siste store dammen i Bykle - ferdig i 2014

Brokke kraftstasjon er eigd av Otra Kraft DA og ligg i Valle kommune.
Den var første gong i drift i 1964/65. Kraftverket bruker vatn frå Botsvatn i Bykle og 11 andre elvar og bekkar. 
Årsproduksjon er på 1462 mill kWh, og er det tiande største kraftverket i Noreg. (www.lvk.no)

Holen kraftstasjon er eigd av Otra Kraft DA og ligg i Bykle kommune.
Den var første gong i drift i 1981. Kraftverket bruker vatn frå Vatnedalsvatnet, Urevatn, Reinevatn og Skarjesvatn samt 6 ulike elvar og bekkar.
Årsproduksjon er på 888 mill kWh.

Skarg Kraftstasjon er eigd av Otra Kraft DA og ligg i Bykle kommune.
Forventa å vere i drift frå september 2014.  Kraftverket bruker vatn frå Sarvsjuvet der vatn renn inn frå ulike bekkar og elvar aust i Bykle.
Årsproduksjon 175 mill kWh.

Kvilldal kraftverk er eigd av Statkraft og ligg i Suldal kommune.
Kraftverket vart sett i drift i 1982. Vatnet til dette kraftverket kjem mellom anna frå Blåsjø (Storevatn) i Bykle kommune.
Årsproduksjon 3028 mill Kwh.

Duge kraftverk er eigd av Sira Kvina og ligg i Sirdal kommune,
Kraftverket vart sett i drift i 1979. Vatnet til dette kraftverket kjem mellom anna frå Svartevassmagasinet som delvis ligg i Bykle kommune. Sira Kvina har fleire kraftverk i som nyttar nedbørsfeltet sørover.
Årsproduksjon 248 mill kWh.

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
T: 37938500
postmottak@bykle.kommune.no   

Andre lenker:

www.otrakraft.no
www.statnett.no
www.nve.no
www.konsesjonskraft.no
 

Publisert