Seinast i samband med pandemien fekk både den kommunale organisasjonen men også folk flest sjå kor viktig det er med beredskapsplanar- og tiltak. Øvingane som blir skipa til tar for seg ei heil rekke meir eller mindre truverdige scenario - poenget er at i beredskapssamanheng kan ein aldri heilt vite kva ein skal planlegge for.

- Difor er det også viktig å øve og gjere kriseleiinga dynamisk og solid. Det prioriterer Bykle kommune høgt. Ingenting er viktigare for oss enn tryggleiken for folk, og me skal stadig arbeide for å bli betre, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Samspel

Utan å gå i detalj kan ein slå fast at øvingane i kriseleiinga tar sikte på å ruste kommunen så godt som råd i tilfelle ein akutt situasjon. Kriseleiiing og støtteapparat spelar kvarandre gode gjennom både teoretiske og praktiske øvingar der målet er så godt samspel som råd - slik at den dagen det gjeld, då fungerer systemet optimalt.