Eit aktivt kulturliv har ein klar verdi i seg sjølv. I tillegg er det avgjerande for å kunne tiltrekkje oss fleire innbyggjarar og besøkande, rekruttere kvalifisert arbeidskraft, og leggje grunnlag for vekst og utvikling i kommunen.

Bykle kommune ynskjer framover i endå sterkare grad å sjå kultur i samanheng med bulyst og folkehelse. Ein vil halde fram med å nytte synergieffektar i høve til reiseliv og anna næringsutvikling.

Kultur og fritid opptek alle delar av befolkninga og omfattar område som kulturskule, kulturhus og kulturarrangement, bibliotek, museum, ungdomsklubb, kino, idrett og friluftsliv, frivillige lag og organisasjonar, kyrkja og trussamfunn.