Bykle kommune har to kulturhus: Bykle samfunnshus og Hovden grendehus.

Kulturhusa skal tilby eit spennande program i møte med alle aldersgrupper frå 0-100 år. Noko av dette kan vere opplevingar innan musikk, litteratur, kino, teater, foredrag og utstillingar.

Kulturhusa skal også vere ein tilretteleggar og samarbeidspartnar for frivillige lag, samt ei storstove for det lokale kulturlivet. Her er det ungdomsklubb, kulturskuleundervisning, idrett og trening, bibliotek, boksirkel, språkkafe, eventyrstund og kulturkafe. Du er også hjertelig velkommen om du berre vil ha ein kopp gratis kaffe, lese i eit magasin eller bruke internett.