Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kulturminne - løyve til inngrep

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne datert før år 1917. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.

    Målgruppe

    Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.

    Kriterium/vilkår

    Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje, osb.

    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende


    Kulturminnekart fra Riksantikvaren
    Riksantikvaren

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    I planleggingsfasen av eit tiltak bør du sjekke ut om tiltaket kjem i konflikt med registrerte automatisk freda kulturminne. Dette gjer det mogeleg å gjere justeringar på eit tidleg tidspunkt. Sjekk gjeldande arealplanar og kartløysingar som hentar data frå kulturminnedatabasen Askeladden. Ta omsyn til alle dei arealbehova som tiltaket medfører, slik som riggområde, transport, anleggsvegar, lagring av massar, m.m.

    Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.

    Skjema

    Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema.

    Søknaden sendes til

    Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.

    Saksbehandlingstid

    Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktpersoner

    Navn:Signe Sollien Haugå
    Tittel:Plansjef
    Telefon:37938542
    Mobil:48237300
    Epost:signe.sollien.hauga@bykle.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-10 12:33