Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Tom A Kvinlog

Tom A Kvinlog

Kulturpris og utviklingsstipend 2015

Under 17. mai-arrangementet vart eit av høgdepunkta utdeling av utviklingsstipend og av kulturprisen

Det var ordførar Jon Rolf Næss som delte ut prisane og desse gjekk i år til: 

  • Audun Haugen (f 1999) for sin innsats og flotte resultat som aktiv landevegssyklist.  Han fekk eit stipend på kr. 15.000.-.
  • Sindre Tveiten, (f 1998) er elev ved snowboard- og freeski-lina ved Hovden skigymnas.  Han er og med i gruppa Team Tight.  Han fekk eit stipend på kr. 10.000.- for sitt talent som snowboardutøvar.

Tom A. Kvinlog fekk årets kulturpris for sin mangeårige innsats for golfsporten gjennom sitt engasjement  som leiar i Hovden golfklubb og drift og utvikling av Ørnefjell golfbane.  Han vart også hedra for sitt tidlegare arbeid innan handicapidrett i alpint. 

Vi gratulerar!

 

Sindre Tveiten og Audun Haugen
Sindre Tveiten og Audun Haugen
Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 18. mai 2015