Reglar for Bykle kommune sin kulturpris:

  • Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gjeve honnør for ein spesiell innsats innanfor det utvida kulturfeltet.
  • Bykle kommune sin kulturpris er på kr.10.000,-. Med prisen følgjer eit kunstverk av vår lokale kunstnar Ella Uleberg, busatt på Hovden. 
  • Prisen kan delast ut kvart år, både til einskildpersonar og organisasjonar/lag som har tilknyting til Bykle kommune.
  • Det vert delt ut ein pris per år, og dersom det ikkje er kvalifiserte kandidatar til prisen, kan kommunestyret late vere å dele ut prisen.
  • Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan innan 15.mars same år sende inn framlegg  til kandidat til kulturprisen. Forslaga må grunngjevast og sendast postmottak@bykle.kommune.no. For spørsmål ta kontakt med tenesteleiar kultur og fritid (kontaktinfo nedst)
  • Det er formannskapet som utnemner vinnaren, og prisen vert delt ut på 17.mai. Vedtaket kan ikkje gjerast om.

 

Kulturprisen i Bykle 2023 vart tildelt Ingebjørg Dyrland.   

Desse har fått prisen dei siste åra:
2006: Eirik Sætra,  2007: Bjarne Tveiten, 2008: Else Gyro Rysstad, 2009: Kjell Dahl, 2010: Ruth Trydal, 2011: Askild Johsen, 2012: ikkje utdelt, 2013: Fjellfolk, 2014: Kirsten Leira, 2015 Tom A. Kvinlog, 2016 Olav M. Holen, 2017: Birgit Breive Lidtveit. 2018: Folke Nesland, 2019: Lars Erik Domaas, 2020: Olav Mandt, 2021:Styret i Fjellgardshallen, 2022: Randi Steinsholt, 2023: Ingebjørg Dyrland.